Velkomen!
Dette er ei heilt enkel nettside, sett opp på - og i anledning - Framtidsfylket-messa i Trondheim, 31. januar 2019.
Akkurat no driv eg på med to prosjekt:
- Sanntidskart for Laussnøekspressen — Eit sanntidskart for Laussnøekspressen, ein buss som går under Fjellsportfestivalen i Sogndal i februar. Folk tek skitrekket opp, renner ned i laussnøen og tek ekspressen tilbake til skitrekket. Med denne appen kan ein sjå kvar haldeplassane er og i sanntid sjå kvar bussane er.
- Enhetsinfo — prototype på teneste der ein kan slå opp informasjon om verksemder og sjå historikk på utlyste stillingar.
Til dagleg jobbar eg i Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) i Hermansverk i Sogn. Der er eg utviklar og jobbar på infrastrukturen for ehandelsdokument i Norge, blant anna efaktura (mellom verksemder). Nøkkelord: ELMA, PEPPOL, SMP.
Bakgrunnen min er ei mastegrad i programvareutvikling frå Bergen. Under studietida var eg mykje aktiv i studentorganisasjonar (tillitsvalgt, IAESTE, fadderstyret, Kvarteret med meir).
Kontakt: livar.bergheim@gmail.com, 934 02 982